top of page

Prosessen

Her viser eg noen prosjekter, med prosessen frå ide og skisse fram til ferdig maleri. Dersom du lurer på noe av dette, eller har andre spørsmål om det eg gjør, så er det bare å ta kontakt.  Klikk på bildene for å sjå dei i full størrelse.

Balder i pastel

Balder er ein stolt vær som bur i Askvoll kommune. Eg fekk spørsmål om eg kunne portrettere han i soft pastell. Eit spennande oppdrag, siden eg i hovudsak har laga portretta mine i akryl eller akvarell. Men, eg tegner mye, og soft pastell er ein kombinasjon av tegning og maling, så eg var trygg på at det skulle gå fint. Eg fekk fleire bilder av Balder, så eg kunne bli godt kjent med han frå fleire vinklar. Eg skissa litt løst, før eg tegna eit utkast med kolstift på grått kraftig papir berekna til pastell. Deretter la eg til farger etter samme fargeteori som når eg maler ellers. Trikset er å bruke varme og kalde farger bevisst for å gi dybde til motivet.

Dalmatiner i linotrykk

Linoleumstrykk er ein veldig morsom, men tidkravande teknikk. Dei fleste har vel prøvd ein form for linoleumstrykk på skulen, og kjenner til at ein må tenke «omvendt» når ein lagar trykkplata. For det første blir det ferdige resultatet naturleg nok speilvendt av det du teiknar. I tillegg vil det være det du ikkje skjærer vekk av plata som vil vise på trykket. Når eg begynner denne prosessen så er det, som i alle andre teknikker, å gjøre seg kjent med motivet og lage noen skisser. Når eg deretter har landa på eit motiv, og har teikna det sånn som eg vil ha det, så overfører eg det til linoleumsplata med hjelp av matpapir. Så er det å sette i gang med jobben å skjære vekk det som skal bli kvitt på det endelege resultatet. Å skjære i linoleum er tungt. I tillegg må en være veldig nøyaktig. Viss eg skjærer feil, så går det ikkje å reparere det. Når eg har fått vekk det som skal bli det kvite i det ferdige bildet, så trykker eg første trykket med farge. Eg liker at alle skal bli forskjellige, så eg endrer fargen mellom hvert trykk. Etter å ha trykket på papir så mange utgaver eg vil ha, som regel rundt 30 stk, begynner neste runde med skjæring i linoleumen. Nå skal all linoleum vekk med unntak av det som skal bli svart på det ferdige trykket. Til slutt trykker eg en gang til på alle, og må da sørge for å treffe likt på som første gangen så det blir beint og fint.

Fuglar i flytande akryl

Eg oppdaga et spennende produkt på en av mine oppdagelsesferder i «kunstmateriell-paradis», store butikker i Paris med alt en kan tenke seg av utstyr. Flytende akryl er som blekk med kraftig farge. Det er vatnløselig, og en kan lage masse spennende effekter ved å la fargene flyte i hverandre med eller utan vatn tilsett. Dette brukte eg til å lage først bakgrunnene til fuglane mine. Deretter malte eg fuglane på med dei same fargane.

Geiter i akryl

Geiter er eit av mine favorittdyr. Dei er så smarte og morsomme. Disse to var eit oppdrag eg fekk frå ei som er geitebonde. Eg fekk foto av dyra hennar, og valgte ut eit utsnitt av eit av fotoa som eg jobba videre med. Eg laga noen skisser, deretter teikna eg opp det ønska motivet på kraftig akvarellpapir. Til dette maleriet brukte eg akrylmaling. Først lagde eg bakgrunnen med flytande akryl, deretter brukte eg vanleg akrylmaling og ein litt stor pensel til resten. Grunnen til at eg brukte stor pensel var at eg ikkje ønska eit veldig "pirkete" resultat.

Hjort i akryl

Eg har laga fleire portrett av hjort, i ulike teknikkar og størrelser. Dette var ein bestilling på ein stor hjort til ei hytte. Lerretet er 90x120cm. I dette tilfellet malte eg først bakgrunnen i mørke fargar, med litt sjatteringer som skal forestille skog om natta. Deretter teikna eg hjorten på eit stort papir, for deretter å overføre det til lerretet. Grunnen til at eg teikna den først på papir er både på grunn av den mørke bakgrunnen, og fordi det er lett å ødelegge bakgrunnen dersom eg må viske vekk noen av strekane. Så for å overføre hjorten til lerretet brukte eg den typen papir ein bruker når ein syr, og kvitt kull til overføring. Deretter kunne eg begynne å gi hjorten form og liv ved hjelp av farger.

Kalv i akryl, 2 ulike i same teknikk

Til disse kalvane har eg brukt same framgangsmåte som til geitene i akryl. Skisser som ender i et val av motiv som eg teiknar opp på kraftig akvarellpapir. Så bunnfarger i flytende akryl før eg maler motivet med akryl og stor pensel.

Kråke i akryl

Kråka her er laga i same teknikk som geitene og kalvane i akryl. Skisser som ender i et val av motiv som eg teiknar opp på kraftig akvarellpapir. Så bunnfarger i flytende akryl før eg maler motivet med akryl og stor pensel.

Ku i akvarell

Når eg maler disse portretta mine i akvarell, har eg valgt å ikkje lage ein like grundig teikning på akvarellarket som eg gjør når eg skal male med akryl. Grunnen til dette er at akvarellen er transparent, og teikninga vil vise gjennom. Dette er noen ganger fint, og blir en del av maleriet, men i disse tilfella ønska eg rein akvarell og ikkje ein blandingsteknikk med akvarell og teikning. I tillegg er akvarell vanskeligere enn akryl ved at ein ikkje kan male over om ein har gjort ein feil, eller ombestemmer seg undervegs i prosessen. Dermed er skissene på forhånd viktigere, for eg må treffe ved første forsøk. Noen «uhell» er heldige og blir en fin del av det ferdige maleriet. Sånn sette er akvarell mye meir spennende å jobbe med. Eg begynner med en løs skisse på akvarellarket, deretter bygger eg meg fram til det ferdige maleriet med hjelp av veldig mange lag av akvarell i ulike farger. Da får eg en dybde i maleriet, og de siste lagene som er meir detaljerte vil komme «ut av» bildet.

Libra og Pus i akryl

Libra og Pus er malt med akryl på lerret. Som alle andre portretter begynte eg her med litt skisser for å bli kjent med motivene. Disse to malte eg samtidig med tanke på at de skulle kunne henge saman i farger og uttrykk. Eg teikna dei opp på lerreta og grunna med ein lys jordtone, blanding av ulike fargar. Deretter begynte prosessen med å male portrett og bakgrunn samtidig.

Ragnhild Ku i akryl

Ragnhild var leder i flokken i veldig mange år, og det var et koselig oppdrag å få lage portrettet hennar. Teknikken eg har brukt her er den same som på geiter, kalv og kråke. Eg fekk fleire foto av ho, og valgte ut eit utsnitt av eit av fotoa som eg jobba videre med. Eg laga noen skisser, deretter teikna eg opp det ønska motivet på kraftig akvarellpapir. Til dette maleriet brukte eg akrylmaling. Først lagde eg bakgrunnen med flytande akryl, deretter brukte eg vanleg akrylmaling og ein litt stor pensel til resten. Grunnen til at eg brukte stor pensel var at eg ikkje ønska et veldig "pirkete" resultat.

Gårdslogo i teikning

Å lage logo for gårdsutsalg var eit morsomt og krevende oppdrag. Eg fekk tilgang på ein stor mengde fine bilder frå gården og dyra. Det ble drodla, skissa, diskutert, forkasta og skissa på nytt i mange omganger over en lengre tidsperiode. Ein spennende prosess, og vi ble fornøgde til slutt, både oppdragsgiver og eg. Eg teikna alt med blyant inntil vi var einige, deretter teikna eg det ferdige produktet i tusj på kraftig papir. Når eg ser tilbake så er det ingen tvil at om eg tar på meg eit liknande oppdrag, så skal eg bruke eit dataprogram der eg legger inn dei enkelte teikningane for å sette dei saman. Nå ble det heile teikna om igjen eit utal ganger.

Tino i akryl

Tino er ein stram kar, nesten litt royal der han poserer. Som utgangspunkt hadde eg fleire foto av han, og prøvde meg fram med litt skisser. Skissen eg ble fornøgd med ble overført til kraftig akvarellpapir, og fekk ein fargerik grunning. Deretter fortsatte eg å male portrettet og bakgrunnen samtidig. Som alltid når eg maler, så brukte eg og her en livlig fargepalett, og ikkje brunt og svart.

Vær i akvarell

Væren er malt på same måte som ku i akvarell. Eg begynner med en løs skisse på kraftig akvarellpapir. Deretter bygger eg maleriet opp med mange tynne lag med akvarell. Dei første laga med mye vatn og deretter mindre av det. Mellom kvart lag varierer eg kor mye eg lar forrige lag tørke før eg kommer med neste. Til sluttdetaljane må det være heilt tørt mellom kvart lag.

FOLLOW ME

  • Instagram
  • Facebook Social Icon

© 2021 by Jytte Kristin Eikenes.

bottom of page