top of page

Linoleumstrykk

Linoleumstrykk er ein møysommelig, tidkrevende og tildels slitsom teknikk. Men, det er utrolig moro og givende samtidig. Første utfordring er å finne eit motiv som kan eigne seg til denne teknikken. Deretter lager eg skisser, og prøver meg fram for å forenkle motivet. Når eg er fornøgd, skal det teiknast over på linoleumsplata, og deretter begynner den harde jobben med å skjære vekk det som skal bli kvitt på arket. Her må eg tenke «negativt», det eg skjærer vekk er det som ikkje skal vise på trykket. Når eg er ferdig med den jobben, er det første runde med trykking på alle papira eg har laga klar. Antal må eg bestemme nå, for etter denne første trykkinga skal eg skjære vekk meir frå linoleumsplata, og kan dermed ikkje lage fleire. Det eg så gjør er å skjære vekk alt anna enn det som skal være svart på det ferdige trykket. Til slutt kommer da den morsomme delen av jobben, der eg trykker på nytt på dei samme papira, og motivet trer fram. Når eg kommer til denne delen av jobben kjenner eg at det var verdt alt strevet i prosessen.

FOLLOW ME

  • Instagram
  • Facebook Social Icon

© 2021 by Jytte Kristin Eikenes.

bottom of page