Foto
Interessa for foto har eg hatt sidan eg fekk mitt første kamera da eg var 4 år. Eg har hatt enkle kamera i oppveksten, der motiv og kompsisjon har vært det viktigaste. Da gutane mine var små fekk eg kameraet til far min, og kunne eksperimentere med meir spennande innstillingar. I ein periode brukte eg foto mest til motiv-jakt og inspirasjon til maleria mine. I travle periodar, og på reise uten mulighet til å male, ble foto etterkvart eit middel for å stille behovet for å være kreativ. Når eg går inn i «bobla» finn eg motiv overalt, og det er lyset, fargar og komposisjon som tiltrekker meg her som i malekunsten.
Når eg vel materiale eg får trykt fotoa på, så har eg ekperimentert litt med akrylglass, børsta aluminium og Fine Art papir. Eg velger materiale etter kva eg meiner framhevar det enkelte motivets eigenart, og ønsker at materialet skal gje bildet ein ekstra dimensjon. Akrylglas gir veldig klare fargar og en fin dybde i bilda, men kan være litt utsatt for refleksjon i glaset. Børsta aluminium har derimot ein evne til å utnytte refleksjonen til å gi ekstra liv i de lyse flatene i motiva.
Det interessante er at eg har oppdaga ein rød tråd i alle mine motiv, som eg ikkje har vært bevisst på, når det gjeld fargar og komposisjon, uavhengig av om det er foto eller maleri. Eg opplever at det å drive med begge deler gjør at eg utvikler meg både innan foto og maleri.