top of page
Jytte Kristin Eikenes, Jyttes Galley
69368946_2654204297926050_7798815999922274304_o.jpg
Intervju i Artists Closeup

Om meg

Eg er født i 1968 og bur i Høyanger, midt i den vakre Sognefjorden på vestkysten av Norge. Eg er halvt dansk, mor mi er fra København. Far min er fra Holmedal som og er på vestkysten av Norge. Eg er utdanna bygningsingeniør, og etter fleire år i jobb med kart og oppmåling tok eg utdanning i pedagogikk. Eg har i 10 år undervist bygg- og anleggsfag ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, dei siste åra har eg hatt ulike leiarstillingar ved Fagskulen. 

Eg har alltid teikna og vært kreativ, og i 2004 begynte eg å male da guttane mine var blitt litt meir sjølhjulpne. Som sjølvlært kunstnar har eg prøvd meg fram og eksperimentert i ulike teknikkar, i tillegg til å gå på ulike kurs. Eg har etterkvart skaffa meg ein stor samling bøker med kunst og kunstteknikkar, i tillegg til at det store internettet er ei inspirasjonskilde og læremeistar. Mitt første kurs var i oljemaling, deretter akryl og blandingsteknikkar. Så fann eg ut at skisser i akvarell var gode utgangspunkt for malerier. Dermed forelska eg meg i akvarell-teknikken, og det har utvikla seg til å bli ein av mine foretrukne teknikkar. I seinare tid har eg lært meg linoleumstrykk, tørrpastell, kull og oljepastell. Fotografi er ein kjær teknikk som starta som eit hjelpemiddel for innsamling av inspirasjon og motiv, og som har utvikla seg til ein kunstart i seg sjølv. 

Når det gjeld motiv er levande vesen ein favoritt, både dyr og menneske. Eg ønsker å formidle stemning og følelsar i kunsten min. Ofte er uttrykket mitt fargerikt, kraftfullt og spirituelt. 

Eg har hatt fleire utstillingar, både separatutstillingar og fellesutstillingar. Eg har og blitt valgt ut til å være med på juryerte utstillingar. Det er skrevet ein artikkel om meg i det norske nettmagasinet “Samtidskunst”, www.samtidskunst.com 
Eg har hatt to utstillingar i København, og vært med på juryerte utstillingar i Berlin og Fabriano i Italia. 

I fleire år var eg leiar i kunstlaget i Høyanger, og gjennom dette vervet traff eg mange interessante kunstnere som var til stor inspirasjon. Eg har i løpet av mine år som kunstner hatt gleden av å holde kurs for barn og unge. Eg hadde og eit spennande oppdrag noen år tilbake, der eg laga ein altertavle for barn og unge i Aurland kyrkje saman med juniorkonfirmantane.

bottom of page